Folkestyre? (Innbundet)

kritisk lys på 1814-demokratiet

Legg i ønskeliste

Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 307
Forlag: Bodoni Forlag
Språk: Nynorsk / Bokmål
ISBN/EAN: 9788271287078
Kategori: Historie
Omtale: Folkestyre?
Grunnlova i 1814 endra styreforma frå kongeleg einevelde til ei form for folke--
styre. Denne boka dreier seg om kor langt det nye folkestyret eigentleg rakk.
Kor nytt var det med folkeleg deltaking i politikken? Var det mogleg for folk flest å delta i politikken før 1814, gjennom formelle eller uformelle kanalar? Kom 1814 til å endra den folkelege deltakinga?
Korleis føregjekk førebuingane til den grunnlovgjevande Riksforsamlinga på Eidsvoll?
Boka tek også for seg nokre sentrale einskildpersonar. Korleis framstår dei? Var Kristian Fredrik ein folkets tenar eller ein folkets førar? Forskusla han det norske sjølvstendet?
Boka vert avslutta med nokre utanlandske perspektiv. Frå dansk side vert det understreka at eineveldet ikkje var noko despoti som brått vart avløyst av demokrati. På lenger sikt gjorde tapet av Noreg Fredrik 6. så upopulær i Danmark at danskane i 1849 forkasta eineveldet og innførte ei liknande grunnlov som den Noreg hadde innført i 1814. På dei britiske øyane fekk 1814 betyding for demokrativennlege rørsler både i England og Irland.

Til toppen