Halsnøy kloster (Innbundet)

til kongens og Augustins ære

Legg i ønskeliste

Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 312
Forlag: Spartacus Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788243005280
Kategori: Historie
Omtale: Halsnøy kloster
Det er 850 år sidan Halsnøy kloster vart oppretta, som eitt av 27 mellomalderkloster i Noreg og eitt av fem knytt til Augustinar-ordenen. Klosteret vart eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins.

Kva var bakgrunnen for at klosteret vart skipa, og kvifor vart det reist nett på Halsnøy? Kva kan arkeologiske funn fortelje om klosteranlegget? Kven var augustinarane på Halsnøy og korleis levde dei? Kvifor vart klosteret så mektig? Og kva har skjedd med klosteret etter nedlegginga?

Dette er den første samla framstillinga av klosteret si mangslungne soge frå grunnlegginga i 1163/64 fram til i dag. I alt 13 forfattarar frå så vel humanistiske som naturvitskaplege fagområde gir ei brei skildring av klosteret og klosterområdet si omfattande verksemd.

Boka er rikt illustrert.

Til toppen