Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge (Heftet)

Forfatter:

og

Legg i ønskeliste

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 189
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252175004
Kategori: Historie
Omtale Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge

Tysk soldat i Nord-Norge

Tyskaren Johannes Martin Hennig var stasjonert i Nord-Norge frå våren 1944 til hausten 1945. Som prest slapp han frontteneste, men blei sett til å vere fangevaktar for dei russiske krigsfangane på Nordlandsbanen.

Hennig var stasjonert ved leirar i området Bodø–Fauske og Narvik, og skreiv heile tida dagbok og brev til kona og barna.


Han fortel om dramatiske hendingar som flukt frå fangeleiren og tilbaketrekkinga frå Finnmark. Men først og fremst er notata ein personleg rapport frå krigskvardagen: det venskaplege forholdet til dei russiske krigsfangane, den daglege triksinga for å overleve, den praktiske kontakten med bygdefolket, bekymringa for familien heime i det utbomba Tyskland.

Gjennom Hennigs refleksjonar får vi eit unikt innblikk i korleis ein tysk menig opplevde krigen. Som representant for "herrefolket" såg han ned på russarane, samstundes som han hadde moralske kvalar overfor den tyske framferda. Ikkje minst gir notata eit spennande bilde av månadene etter frigeringa, der situasjonen var kaotisk og tidlegare vener plutseleg blei fiendar.

Boka er illustrert med foto som Hennig tok sjølv.

Til toppen

Utdrag

UTDRAG 1:

Vi kom inn i Oslofjorden om morgonen, slik at vi fullt og heilt kunne nyte den herlege turen oppover fjorden. Men minna om det senka tyske slagskipet Blücher og dei mange unge tyske soldatane som mista livet i kampane etterpå, kasta ein skugge over det heile. Ved synet av Oslo måtte eg tenke på New York. Byen var den gongen ukjent for meg, men måten det nybygde Oslo-rådhuset rett ved sjøen raga opp mot himmelen, minte meg om bilde frå Manhattan.Vi gikk i land frå Ussukama like ved rådhuset og marsjerte til kvarteret vårt, ein norsk folkeskole. Eg var overraska over at klasseromma der vi var innkvarterte hadde elektrisk varme, og at det alltid fanst kaldt og varmt vatn i sideromma. Eg kunne ikkje komme på ein einaste tysk folkeskole som den gongen var like bra utstyrt som
denne i Oslo.
Søndag blei vi verande i byen. Eg besøkte Vigelandsparken, som verka ganske «amerikansk» på meg, og om ettermiddagen gikk eg på kafé. Det var stappfullt men eg fann ein plass likevel. Derimot fikk eg ikkje servering, kelneren reagerte ikkje på tilrop, og til slutt gikk eg. I døra hørte eg at ei ung norsk kvinne som kom inn, slengde ordet «tyskar» skarpt mot meg. Brått innsåg eg at vi tyskarar ikkje var velkomne her. Det var ikkje tilfeldig at eg ikkje fikk servering.
Neste dag tok eg trikken for å besøke kyrkjegarden for tyske soldatar(på Ekeberg). Konduktøren gikk forbi meg utan å krevje inn pengar. Om det var slik at soldatar kunne kjøre gratis, eller om han ignorerte meg, veit eg ikkje. I alle fall gjorde eg eit vesen av å betale neste gong konduktøren kom forbi, noko som alle passasjerar la merke til med interesse. Da eg gikk av og spurde etter vegen, fikk eg hjelp av både konduktøren og ein passasjer. Det at eg betalte, gjorde det kanskje klart for dei at eg ikkje var nazist og ingen «okkupant».

UTDRAG 2:

Fleire underoffiserar har ei «kone» som også besøker dei på rommet om kvelden, viss dei ikkje kan komme til «kona». Dette hører inn under kapitlet heimekos og kan ikkje målast med den vanlege moralske målestokken. Mennene er borte heimanfrå i tre eller fire år Utan å tenke over det snakkar dei om «kona mi» – og eg må først tenke over om dei meiner ho som er her eller ho som er i Tyskland. Før han reiste til Tyskland på ferie, fikk den eine eit par heimestrikka norske hanskar som avskjedsgåve frå den lokale kona si. Kameratane meinte at han ikkje kunne ta dei med seg heim, fordi han ikkje kunne vise dei til kona. Men han tok dei med seg likevel.

Til toppen