Fleire vegar mot mål (Heftet)

Lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole

Forfatter:

, , og

Legg i ønskeliste

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 233
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202269913
Kategori: Pedagogikk
Fag: Lese- og skriveopplæring, Spesialpedagogikk
Nivå: Akademisk
Omtale: Fleire vegar mot mål

Korleis kan ein hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole? Fleire vegar mot mål har som si grunnhaldning at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte.

Fleire vegar mot mål er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst ei mengd forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Forslaga er vitskapleg forankra, og boka gir òg innsikt i noko av det teoretiske grunnlaget i ein eigen teoridel.

Kombinasjonen av teori og praksis gjer boka veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar. Dei praktisk retta kapitla er òg tenkt som hjelp, nytte og inspirasjon for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole.

Boka inneheld blant anna:

  • praktiske lærings- og undervisningsopplegg
  • oversyn over moglege hjelpemiddel
  • definisjonar av lese- og skrivevanskar
  • innføring i læringsteoriar
  • eksempelhistorier frå skolar og forskingsprosjekt

Til toppen