Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag (Heftet)

Legg i ønskeliste

Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 115
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Flerspråklig , Bokmål , Nynorsk / Svensk
ISBN/EAN: 9788251921688
Kategori: Pedagogikk
Omtale: Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag. Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: . kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? . nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. . korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? . kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan. sikkerheitsnett? . kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss? Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. "Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag", arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.

Til toppen