Språkmøte (Heftet)

Innføring i sosiolingvistikk

Forfatter:

, , og

Legg i ønskeliste

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 264
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202283445
Kategori: Språk
Fag: Litteratur- og språkvitenskap, Norsk
Nivå: Akademisk
Komponent: Pedagogisk litteratur
Omtale: Språkmøte

Sosiolingvistikk er ei grein av språkvitskapen som tek utgangspunkt i språkvariasjonen i samfunnet. Ulike språk og ulike språklege variantar møtest heile tida både i det enkelte individet, i lokalmiljøet og i det større fellesskapet. I slike møte ser ein korleis språkleg variasjon er knytt tett til dei sosiale, kulturelle, psykologiske og samfunnspolitiske tilhøva i kvardagen vår.

Denne boka gjev ei innhaldsrik og grunnleggjande innføring i sosiolingvistikk basert på norske tilhøve. Forfattarane legg vekt på mellom anna språkleg endring, dialektar, fleirspråklegheit og den særeigne norske skriftspråksituasjonen, og dei gjev mange viktige døme frå norske undersøkingar.

Språkmøte er aktuell for alle som er opptekne av og vil vete meir om språkvariasjon og om norsk språk, til dømes studentar i norsk, nordisk, lingvistikk, språkkontakt og migrasjonspedagogikk.

Forfattarane er framståande språkforskarar frå NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

I Språkmøte blir mellom anna desse emna drøfta:

  • talevariasjon, dialektar og fleirspråklegheit
  • skriftvariasjon
  • språkendring
  • språk og identitet
  • sosiolingvistisk metode

Til toppen