Strikking frå nord (Heftet)

30 moderne luer, vottar, skjerf og genserar

Forfatter:

, Aud Søyland (Oversetter)

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 142
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Knitting from the north
Oversatt av: Søyland, Aud
ISBN/EAN: 9788252194012
Kategori: Håndarbeid
Omtale Strikking frå nord

Tidlaust og moderne

I Strikking frå nord finn du 30 mønster. Her er alt frå ei enkel ribbestrikka lanternetopplue og eit tubeskjerf i bølgjemønster, til nydelege genserar frå Island. Boka har kunnige tips om montering, råd om farger og garn og inspirerande foto som gir eit vindauge til livet på 59˚ nord. Denne flotte kolleksjonen hyllar enkle og reine former som er moderne, men tidlause.

Hilary Grant bur på Orknøyane lengst nord i Skottland. Ho hentar inspirasjon både frå Fair Isle-strikking, frå skandinavisk strikkekunst og frå det slåande vakre landskapet, når ho lagar sine eigne design for vår tid.

Hilary Grant driv strikkeverksemda frå atelieret sitt på Orknøyane. Sidan 2011 har ho designa luer, vottar og skjerf som ho har selt over heile verda. Grant er ingen tradisjonell strikkar, men den tradisjonelle estetikken er likevel til stades i arbeida hennar. Ho søkjer mot klare, glade farger og dristig utforma mønster. Rytmen og repetisjonane i Fair Isle-strikkinga er ei stadig kjelde til inspirasjon for henne.

Til toppen