Kunstforum. Nr. 1 2017 (Heftet)

design

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 127
Forlag: Kunstforum
Språk: Flerspråklig , Bokmål , Nynorsk / Svensk
ISBN/EAN: 9788269073621
Kategori: Tidsskrifter
Omtale Kunstforum. Nr. 1 2017
Desingnummeret til KUNSTforum presenterer designarar som arbeider i samtidskunstutstillingskontekst, kunstnarar med designutdanningsbakgrunn og samarbeid mellom kunstnarar og designarar. Vi får innblikk i Gustav Nordenskiölds skulpturar, som har konnotasjonar til våpen og andre bruksgjenstandar. I andre tilfelle ligg fokus på det arkitektur- og inneromsorienterte, slik som hos Knut Henrik Henriksen, eller objekt som skal (alludere til å) berast av eller på
kroppen, t.d. i samarbeidet mellom Toril Johannessen og motedesignarane i HAiKw/, og hos Tone Vigeland, som ambulerer mellom smykkekunst og installasjon. I ein annan ende av den lekamlege skalaen finn vi Lea Gulditte Hestelund, som har fokusert på utforming
av kroppen i seg sjølv.

Arven etter landskapsmålaren Peder Balke blir spora til langt inn i modernismen og Scandinavian Design-rørsla, og vi får kunnskap om likskapar den eklektiske dyreornamentikken i jernalder og vikingtid har til surrealisme, H. R. Gigers sci-fi-marerittvisjonar og psykonauten Terence McKennas maskinalvar.

Til toppen