Ole Hallesbys etiske teologi og teologiske etikk (Innbundet)

pietistisk morallære mellom kantiansk formalisme og biblistisk kasuistikk

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 666
Forlag: Solum Bokvennen
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788256027163
Omtale Ole Hallesbys etiske teologi og teologiske etikk
Ole Hallesby prega norsk kristenliv i første halvparten av det 20. hundreåret. Han var òg ein sentral samfunnsaktør, ikkje minst gjennom sin innsats i kyrkjekampen under 2. verdskrigen. Denne boka gir for første gong ei samla framstilling av teologien og etikken hans. Ikkje uventa står Hallesby også i sin teologi fram som pietist, særleg prega av arven frå Pontoppidan og Hans Nielsen Hauge. Dette er med på å forklara Hallesbys sterke vektlegging av det etiske. Teologisk soknar han til den erfaringsteologiske tradisjonen. Forfattaren dokumenterer vidare Hallesbys bakgrunn i den kantianske filosofien, særleg i nykantiansk form. Også hans sterke psykologiske orientering kjem fram. Kanskje meir uventa er det at livsfilosofi, irrasjonalisme og vitalisme spelar ei viktig rolle i teologien hans.

Boka er primært skriven for eit teologisk fagpublikum, inkludert prestar, men skulle òg vera tilgjengeleg for forskarar innanfor andre fag og for interesserte lekfolk.

Til toppen