Soga om Geirmund Heljarskinn (Innbundet)

Legg i ønskeliste

Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 336
Forlag: Pelikanen Forlag
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Geirmundar saga heljarskinns
Oversatt av: Hagland, Jan Ragnar
ISBN/EAN: 9788293237754
Kategori: Essays og antologier
Omtale: Soga om Geirmund Heljarskinn
Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!

Birgisson fortel her i eit forord om då han i 2014 vart kontakta av ein islandsk venn og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga - og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie.

Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum....

Bergsveinn Birgisson (f. 1971) vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar på brev frå Helga (Pelikanen 2012) og til Brageprisen i kategorien sakprosa for Den svarte vikingen (Spartacus 2013). På norsk har han i tillegg gjeve ut romanen Soga om vêret (Pelikanen 2014). Birgisson har ein doktorgrad i norrøn filologi og bur for tida i Bergen.

Til toppen

Andre utgaver