Apalgard (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 225
Forlag: Wigestrand Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788281401747
Kategori: Romaner
Omtale: Apalgard
Anne Karin Fonneland har tidlegare markert seg som ein finstemt lyrikar og har også medverka til fleire barnebøker. "Apalgard" er den første romanen hennar. Hovudpersonen Simon Hatlevik er inne i ei livskrise både når det gjeld arbeidet sitt som psykolog og dei forholda han har til fleire kvinner. I suggererande prosa skildrar Fonneland poetisk, klokt og innsiktsfullt Simon sitt liv med foreldra og bror sin, på ein fruktgard tidleg på sekstitalet, via studietid - og eit etterkvart havarert ekteskap - og fram til romanen si notid. "Apalgard" er ein uvanleg djuptenkt roman med rik undertekst. Det er ein roman om korleis vi havnar i relasjonar og korleis vi fell ut av dei att, om psykologi og filosofi, arv og miljø, kjønnsrollemønster og klimautfordringar, og om naturen som omgjev oss. "Apalgard" er ein roman om det som avgjer vala våre og formar dei liva vi lever.

Anne Karin Fonneland, født i 1956, er forfattar og lærar. Ho har for det meste skrive lyrikk, men har og gitt ut noveller og sakprosa.

Til toppen

Andre utgaver

Apalgard
Nynorsk Ebok 2014

Flere bøker av Anne Karin Fonneland: