Eg er mamma. Eg skal vere god. (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 176
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788204141941
Kategori: Romaner
Omtale: Eg er mamma. Eg skal vere god.

Nådelaus debutroman

Hovedpersonen i Kjersti Kollbotns roman er ei ressurssterk kvinne. Ho jobbar som sjef i vegvesnet og har ansvar for stor vegprosjekt og mange mann, men ho er ikkje nokon god mor. Ho er ei dårleg mor.

«Ungane er urolege, dei vil begynne på brusen, og eg seier at det er greitt. Eg hjelper dei med skrukorkane og puttar sugerør i flaskene.
Flaskene er altfor store.
– Kvifor er du så sint? spør guten med det stride håret.
– Sint? seier eg. – Eg er vel ikkje sint. Det er ingen som er sinte her.
– Du er sint, så det så. Eg vil ha kake, seier han.»

Tove Vik er ei mamma det kokar i. Det er ein farleg miks for barna hennar.

Nådelaus, usentimental og rystande om ei kvinne stengt inne i morsrolla, ei medrivande berg-og dalbane som går rett i hjarte på lesaren.

Til toppen

Andre utgaver

Flere bøker av Kjersti Kollbotn:

Om forfatter Kjersti Kollbotn

Kjersti Kollbotn (f. 1959) er frå Nordfjord og bur i Tromsø. Ho er dr. ingeniør frå NTNU.

Til toppen

Utdrag

Eg har trettifire slides som eg skal igjennom. Det må gå fort. Eg legg meg på linja om at det er viktigare å kome igjennom, enn at det blir bra. Eg driv med høgtlesing. Eg les opp det som folk allereie kan lese sjølve. Men eg peikar meg også igjennom figurar, grafar og digram. Då brukar eg eigne ord, salen vaknar og blir plutseleg med, dei stiller spørsmål og det bankar i meg, eg blir oppglødd og snakkar om logiske samanhengar; dersom det, så det, under føresetnad om riktig trykk og temperatur, så vil det og det sannsynlegvis skje.

Eg blir fylt med tryggleik. Eg står breibeint og stryk krøllane bort når dei inn i mellom fell ned i augo på meg. Eg viser eit bilete av Karl i den gule dosaren, og viser metodar vi har teke i bruk i bygginga av E8 i Ramfjorden. På slutten legg eg inn ein oppsummering som set E8-utbygginga inn i eit større perspektiv. – Nordområda, med olje- og gassressursane, seier eg, blir verdas viktigaste stad i dei neste tiåra. E8 er sentral for Tromsøs utvikling og så kjem OL i 2018. Eg sklir ut. Eg prøver å gjere meg større enn eg er. Eg prøver verkeleg å blåse meg opp ein divisjon.

Til toppen