Svar på brev frå Helga (Heftet)

Legg i ønskeliste

Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 110
Forlag: Pelikanen Forlag
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Svar vid bréfi Helgu
Oversatt av: Gjerdåker, Johannes
ISBN/EAN: 9788293237389
Kategori: Romaner
Omtale: Svar på brev frå Helga
Ein tilårskomen sauebonde svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytta med henne til byen ein gong i tida. Det har teke lang tid å svara, og det er mange val som må svarast for. Han flettar slarv frå bygdelivet inn i saftige forteljingar om det han kallar paringstida i livet sitt. Gamal kjærleik og erotiske minne blandar seg med soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom. Svar på brev frå Helga, er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Om den tapte kjærleiken, men også om ein tapt kultur, slik me ser han gjennom auga til sauebonden Bjarne. Denne kritikarroste boka har teke Island med storm, og er no under omsetjing til fleire språk. Han vann den Islandske bokhandlarprisen i 2010 og var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka vart dramatisert for scena i 2012 og eit filmmanus er under arbeid. Bergsveinn Birgisson (f: 1971) Svar på brev frå Helga er den tredje romanen til Bergsveinn Birgisson. I 2009 gav han ut Handbok om mentaliteten til kyr, og i 2003 vart han nominert til den islandske litteraturprisen for Landskap er aldri toskete. Den hittil siste av tre diktsamlingar, Drauganet, kom ut i 2011. Birgisson er Dr. art. i norrøn filologi og har budd i Noreg sidan midten av 90-talet. Han bur for tida i Bergen. Han er elles glad for å ha blitt kjent med den kulturinstitusjonen som ein sauegard er.

Til toppen

Andre utgaver

Svar på brev frå Helga
Nynorsk Ebok 2013