Historia om Ivar Aasen (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 455
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252186659
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale: Historia om Ivar Aasen
Historia om Ivar Aasen er standardverket som fortel mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen.

Ivar Aasen reiste lenger enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bondesonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar.

Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare,
og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?

Boka fekk strålande kritikkar då ho kom ut i 2013 og vart nominert til Kritikarprisen. Denne nye utgåva inneheld mange bonussider med ukjent stoff, tidstavle og komplette kjeldelister.

Til toppen

Andre utgaver

Historia om Ivar Aasen
Nynorsk Innbundet 2013
Historia om Ivar Aasen
Nynorsk Ebok 2013