Skrivelysten? (Innbundet)

Råd og hjelp og rare ting å prøve

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 240
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202421663
Kategori: Språk
Omtale: Skrivelysten?
Skriving er lettare å gripe til enn nokosinne. Nå skriv dei som før ikkje ville gjort det. Tanken bak denne muntre og alvorlege boka er at mange kan ha glede av å skrive. Skriving er som å gå tur eller baka bollar eller danse eller prate – ikkje berre for spesialistar. Og det blir andre bollar med nye oppskrifter.

Boka handlar om å oppdage det forunderlege og vedunderlege i mange slags skriving. Tekster kan koma til verda med mye fryd og lite akk og ve. Skrivaren skal få oppdage noko nytt. Skriving kan forandre den som skriv, og dei som tek imot. Ein kan skrive for seg sjølv, for sine nære og mindre nære – og for eit større publikum.

Boka funderer rundt skriving, har mengder av eksempel, bittesmå og større, gir forslag til skriving steg for steg, og viser korleis vi med ymse grep kan få til annleis og betre tekster, og plutseleg er ei tekst fleire! Prøv sjølv-delar er med heile vegen.

Forfattaren er tidlegare førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Oslo. Ho har arbeidd særleg med skriving, i pedagogisk og kreativ samanheng og som ledd i sjølvutvikling.

Til toppen

Andre utgaver

Skrivelysten?
Nynorsk Ebok 2013