Ny kunnskap om kreft (Innbundet)

på veg mot framtidas kreftbehandling

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 159
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234002786
Omtale Ny kunnskap om kreft
Om prøving og feiling og nytt håp.

Ein av tre personar får kreft i løpet av livet. Vi høyrer ofte historier om tap, sorg og livet etterpå. Men kreftbehandlinga er i rivande utvikling, og stadig fleire av oss overlever på grunn av forsking og ny kunnskap om kreft. Dette er ei historie om forsking. Kva er dei nye, store gjennombrota i kreftforskinga? Er det mogeleg å løyse «kreftgåta», som overskriftene i tabloidavisene snakkar om? Kva seier eigentleg forskinga om påstandar som at kreft er uflaks, at ein gentest kan avsløre kreft, at alle bør få immunterapi, og at kunstig intelligens skal revolusjonere kreftbehandlinga? Og kvifor er det bra at to pasientar med den same krefttypen ikkje får den same behandlinga?

I denne boka fortel kreftforskar og forskingsjournalist Åsmund H. Eikenes om det banebrytande arbeidet som gjer at stadig fleire med kreft vil overleve. Denne boka vil hjelpe deg å forstå kva kreft er, og vise deg korleis ny kunnskap bidreg til at fleire blir friske.

FRÅ BOKMELDINGAR:

"Åsmund Husabø Eikenes har skrevet en strålende bok om hva vi vet om kreft i dag, og hvor de store utfordringene for fremtiden ligger. Boken er forkningsformidling på høyeste nivå."
Ketil Slagstad, Morgenbladet

Til toppen

Andre utgaver

Ny kunnskap om kreft
Nynorsk Ebok 2020

Flere bøker av Åsmund Husabø Eikenes: