Rappkjæfta trønder (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 98
Illustratør: Hanssen, Kurt
Forlag: Embla Forlag
Språk: Flerspråklig / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292577813
Kategori: Humor
Omtale: Rappkjæfta trønder
Ein stor del av all humor er språkleg i sitt grunnvesen. Det er ordspell, bakvendtsnakk, misforståingar, slåande karakteristikkar og treffande replikkar, for å nemne noe. Trønderen går for å vera treg, men i denne boka blir både den kjappe replikken og den kreative ordgleda i landsdelen dokumentert til fulle. Historier, hermer og originalt blikk på livet - og mens ein humrar, lærer ein kanskje noe nytt om språk på kjøpet.
Tor Erik Jenstad, f. 1956, er språkforskar og medredaktør på Norsk Ordbok 2014. Sia 1992 har han vore «ekspertkommentator» på radioprogrammet «Dialektmagasinet», frå 2010 «Sei det», på NRK Trøndelag.
Han har tidlegare gitt ut bøkene «Ka sa du?», «Vaddesålekt, din jehuk», «Snedig å koinn trøndersk» og «Din hånstaur!» på Embla Forlag.
Kurt Hanssen bistår også i denne boka med skarpe illustrasjonar som tar situasjonen på kornet.

Til toppen