Syngja av Lars Amund Vaage (Ebok)
Ebok

Syngja (Ebok)

roman

Forfatter:

Ingen angrerett. Umiddelbart tilgjengelig i Tanum e-bok leseapp eller på Min side. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag     Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 231
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: EPUB
Forlag: Forlaget Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249510993
Kategori: Romaner
Omtale: Syngja
Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, song dei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydane hennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og me høyrde dei ikkje igjen. Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? Syngja er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.

Til toppen

Andre utgaver

Syngja
Nynorsk Heftet 2013

Flere bøker av Lars Amund Vaage: